Mobildekninga i Bykle kyrkjebygd sviktande sundag 9. november

Mobilnettet i Bykle kyrkjebygd er sviktande sundag 9. november på grunn av oppgraderingsarbeid på nettet i regi av Telenor. Det er uvisst når dekninga er i orden att.

Bykle kommune opprettar kontaktpunkt med satelittelefon på heimen i Bykle.

Midt på dagen sundag er det svært mangelfull mobildekning rundt om dei fleste stader i Bykle kyrkjebygd. Situasjonen gjeld alle som har abonnement i Telenor - og det er uvisst kor lenge dette kjem til å vare.

Ulike tiltak

Bykle kommune oppretter kontaktpunkt på Bykle sjukeheim med satelittelefon - frå den basen kan kommunen vere i dialog med naudetatar og liknande. Viss folk ikkje får kontakt på telefon elles rundt om i Bykle, og har behov for helsehjelp, er rådet å køyre nedover mot Valle kommune, der dekninga ikkje er påvirka. Det er også i Valle at legevakta er lokalisert i dag sundag 9. november. 

HUGS - HAR EIN VANLEG INTERNETT I HEIMEN KAN EIN SLÅ PÅ WIFI-ANROP PÅ TELEFONEN SIN OG NYTTE WIFI FOR Å TELEFONERE!