Minner om avgrensa ferdsle langs Urevassvegen

I fjor vart det innført ferdslerestriksjonar på Urevassvegen i Bykle på grunn av omsynet til villreinen. Restriksjonane har gjeve gode resultat, men ferdsla på vegen har likevel vore aukande. No minner Bykle-ordførar Hans Blattmann om årsaka til at restriksjonane vart innført.


 

– Urevassvegen går inn i eit for villreinen svært sårbart område, eit område der ferdsle både med bil, til fots eller på sykkel er forstyrrande. Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane (SVR) melder om god effekt av restriksjonane, og me ynskjer at trafikken skal vere på eit minimum. Me må halde ferdsla i området nede, seier han.

Misvisande marknadsføring

Ulike grupper på Facebook har omtala Urevassvegen og fortalt om det flotte området. Det har gjeve ein marknadsføringseffekt som kan bety auka ferdsle, stikk i strid med det som var målet med restriksjonane.

– I dag er det slik at fastbuande i kommunen kan få løyve av Otra Kraft DA til å nytte vegen. Elles skal vegen ikkje brukast. Det er ein bom der vegen tar til, som framleis står open. Viss ikkje trafikken på vegen avtar, må nok bommen stengast. Difor er det viktig å minne om at det ikkje er fri ferdsle på vegen, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.