Meir frå opninga av den nye rundkøyringa på Hovden

Det vart ein aldri så liten folkefest øvst i dalen då den nye rundkøyringa på Hovden, som har kome på plass i eit samarbeid mellom Agder fylkeskommune, Bykle kommune, Statens vegvesen og ikkje minst bidragsytar Kjetil Uleberg, vart opna sist veke.

Både arbeidsfolk bak rundkøyrinmga og mange andre ville ha opninga med seg. - Klikk for stort bileteBåde arbeidsfolk bak rundkøyrinmga og mange andre ville ha opninga med seg. Alida Mørenskog

Som bileta viser var det mange med på festen. Arbeidarar som har stått bak anlegget, bidragsytarar og folk elles samla seg. Etter opning og fine helsingar vart det skipa til rulleski-stafett med elevar frå skigymnaset. Til den delen av programmet var tidlegare Bykle-ordførar Jon Rolf Næss hanka inn som speaker, så der gjekk kjeften minst like fort som skiløparane!

“Fiskaren og Fillevéren”

Med Bykle-ordførar Hans Blattmann som programleiar vart det ei flott samling. Jo Breivegen i Hovden Hytteservice takka for godt samarbeid, og gledde seg over eit prosjekt med god HMS og ikkje ein skade på arbeidsfolket. Vidar Frøysnes hadde teke turen med munnharpa i skreppa. Han baud på både “Fiskaren” og “Filleveren” denne dagen. Ei flott rundkøyring vart opna med eit flott arrangement!

Bykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) og Kjetil Uleberg. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) og Kjetil Uleberg. Alida Mørenskog