Meir enn 100 med på Bykle kommune sin jolequiz!
Oppslutninga om Bykle kommune sin jolequiz heilt på tampen av fjoråret var sers bra med over 100 innkomne svar. Astrid Skoge frå Arendal er den heldige vinnaren.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.01.2024 11:29
Sist endra 18.09.2024 11:47
Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune tok seg av trekninga på jolequizen.
Ole Birger Lien
Heldig ikkje fordi ho hadde sendt inn rett svar, “God jol til alle saman”, men fordi det var nettopp ho som vart trekt ut som vinnar blant alle dei som hadde sendt inn rett løysingssetning. Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune stod for den høgtidelege trekninga, med alle namn i ein passande “joleleg” hatt.
Kjærast frå Bykle
Astrid Skoge er marinbiolog og arbeider i Agder fylkeskommune. Med kjærast frå Bykle er ho jamnt på vitjing her i dalen, og jolequiz har ho altså dreisen på! 25-åringen kan vente seg premie frå Bykle kommune i posten med det første!
Astrid Skoge vann Bykle kommune sin jolequiz.