At våren er i full anmarsj, og det rekordtidleg, kan det ikkje vere særleg tvil om. Over alt angar det av ein natur som vaknar til liv etter trøytte vintermånader.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.05.2025 09:35
Sist endra 07.05.2025 09:35
Sigrid Bjørgum
Det flotte biletet teke mot Bykil viser til fulle kva årstid me går inn i. Så er det å håpe at vår og sommar skal bli av det fine slaget - etter to år der nesten kvar einaste årstid har hatt sitt eige ustabile ver. Ikkje minst med tanke på den komande nasjonaldagen må ein krysse fingrane for “iskrem-ver” i bygd og grend!