Masterstudentar driv feltarbeid for Bykle kommune

Lars August Osmundsen og Pauline Buverud Haugen er begge masterstudentar med sommarjobb i Bykle kommune - og no er dei rundt om i kommunen på feltarbeid.

Masterstudentane Lars August Osmundsen og Pauline Buverud Haugen er i sving med feltarbeid i Bykle kommune. Signe Sollien Haugå

– Dei er engasjert til å kartlegge og dokumentere ulike delområde til arbeidet med ny arealdel av kommuneplanen, og me er sers glade for å ha fått dei i sving, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Lars er masterstudent i planfag og Pauline i naturforvaltning.

Verdiar og konsekvensar

Arbeidet dei skal gjere vil vere viktig for å kartlegge verdiar og konsekvensar for miljø og samfunn i ulike delområde, før ein tek stilling til eventuelt endra arealbruk (arealføremål). Dei vil både registrere i område som er avsett som byggjeområde i gjeldande arealdel (som ikkje er regulert / ikkje utbygd) og sjå på delområde som er kome inn som innspel til ny arealdel. 

– Etterpå vil det bli utarbeidd ei samla konsekvensvurdering. Så vi vil  foreslå avgrensing av  arealføremål opp mot ny og samla kunnskap på ulike tema og delområde, seier plansjefen.

I arbeidet med ny strategisk næringsplan ser ein at det er trong for å leggje til rette for meir kraftrelatert næringsutvikling. Dersom det blir tid nok vil dei to studentane også gjere forarbeid til drøfting av eventuelt utvida næringsområde mellom riksvegen og Bossvatn. Bykle kommune gjer i første runde ei registrering i sesong, og vil invitere rørte grunneigarar for å drøft eventuell interesse for å ta dette med inn i arbeidet med ny arealdel etter sommaren.