Markerte verdsdagen for psykisk helse både i Bykle og Valle

Verdsdagen for psykisk helse i dag 10 oktober har blitt markert både i Bykle og Valle.

Silje Nesvaag Rygnestad i sving under markeringa av verdsdagen for psykisk helse. - Klikk for stort bileteSilje Nesvaag Rygnestad i sving under markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Bykle kommune

Det har vore arrangement gjennom fleire dagar. Måndag var det på ungdomsskulen i Bykle det heile gjekk føre seg, før det dagen etter var elevane ved den vidaregåande skulen på Hovden sin tur. Onsdag var det markeringar både på Valle skule og ved den vidaregåande skulen i Valle. Markeringane har handla om både psykisk helse men også sosial kos.

Gje åtte minuttar

På alle markeringane har det vore informasjonsarbeid, aktivitetar og ikkje minst vaflar. Så har eit eige tema vore i fokus: #gi8minutter

Dette handlar om ein kampanje der ein blir oppmoda av å sette av åtte minuttar kvar dag til å ringe ein eller annan ein bryr seg om. Og så enkelt kan det av og til vere. Menneske treng menneske å snakke med. Viss me alle tar den oppmodinga, vil det ha positive resultat både for oss og den me ringer.

Den som ville det kunne få prøve seg på lykkehjulet. - Klikk for stort bileteDen som ville det kunne få prøve seg på lykkehjulet. Bykle kommune