Markerer treårsdagen for krigen i Ukraina i Hovden grendehus
Måndag 24. februar klokka 18 blir det skipa til markering for treårsdagen for krigen i Ukraina. Staden er Hovden grendehus, og det er vaksenopplæringa i samarbeid med frivilligsentralen som står bak arrangementet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.02.2025 10:23
Sist endra 10.04.2025 09:05
Det blir markering av treårsdagen for krigen i Ukraina i Hovden grendehus i kveld klokka 18.
Ole Birger Lien
Det er flyktningane i kommunen som har teke til orde for ei verdig markering av det lite trivelege jubileet. Tre år med krig i heimlandet pregar sjølvsagt både Ukraina og alle som kjem frå landet.
Ljostenning
Det blir både talar, presentasjonar, ljostenning og sosialt samvere med kaffi og kaker som del av samankomsten.