Manuell dirigering nord for Bykle-tunnelane heile denne veka

Sjølv om arbeidet inne i dei to tunnelane i Bykle er fullført, står det att litt finpuss nord for Sannfjødd - det blir difor manuell dirigering på riksvegen der ei vekes tid.

Ole Birger Lien

Leiebil og opplegg som det har vore ved tunnelane tidlegare, er det altså ikkje snakk om. No er det innspurten med arbeid på busslommene og annan finpuss det handlar om - men altså truleg bare ut denne veka.