Mangfaldsfest i Hovden grendehus laurdag 16. november

Bykle folkeakademi og kultur og fritid i Bykle kommune skipar til mangfaldsfest i Hovden grendehus laurdag 16. november.

Det er mangfaldsfest i Hovden grendehus laurdag 16. november. Her frå same arrangement i 2022. - Klikk for stort bileteDet er mangfaldsfest i Hovden grendehus laurdag 16. november. Her frå same arrangement i 2022.

Frå klokka 17 til 20 handlar det om sosial moro og bokstaveleg tala mangfald både med tanke på folk som kjem og ikkje minst maten som blir servert! Samankomsten blir starta med underhaldning i kinosalen. 

– Etterpå blir det mat frå ulike nasjonalitetar ein finn i Bykle kommune, seier Randi Steinsholt i Bykle folkeakademi.

Både born og vaksne er velkomne, og det er gratis inngong for alle.