Mange med på Hovden Summer Games

Nyleg skipa elevane på Hovden skigymnas til eit mini-OL for elevar på Fjellgardane skule og Bykle skule. Hovden Summer Games vart ein stor suksess!

Frå Hovden Summer Games. Hovden skigymnas

Skigymnas-elevane stod for både planlegging og gjennomføring, og det var elevar frå 7-10. klasse som deltok i sommarleikane på Hovden. Dei kasta seg ut i ulike øvelsar som kulestøyt, støvelkast og båltevling.

Heiagjeng

Born frå barnehagen og barneskulen på Hovden kom til grilling og kaker midt på dagen, og var ein solid heiagjeng i den siste og avgjerande Master-stafetten.