Mange med på Aktiv på dagtid i Bykle!
Frivilligsentralen i Bykle kommune vidareutviklar stadig Aktiv i Bykle. Opplegget skal vere eit lågterskeltilbod med aktivitetar for dei aller fleste.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.12.2024 09:26
Sist endra 10.04.2025 09:05
I Hovden grendehus er det yoga for alle som del av Aktiv på dagtid i Bykle.
Ole Birger Lien
Det vil seie at tanken er at alle kan vere med, same kva form ein er i. Tysdagar klokka 10-11 handlar det om yoga for alle i Hovden grendehus. Onsdagar 11-12.30 er det turgruppe med oppmøteplass ved grendehuset på Hovden, og torsdagar 11-12 er det seniortrim i Bykle samfunnshus.
Meir informasjon om opplegget finn ein på heimesida til frivilligsentralen HER.