Luciatog på Bykle rådhus

Luciadagen 13. desember kom eit flott Luciatog frå barnehagen i Bykle til Bykle rådhus.

Bykle-ordførar Hans Blattmann med Luciatoget frå barnehagen i Bykle. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann med Luciatoget frå barnehagen i Bykle. Ole Birger Lien

Gjennom heile rådhuset, og med ein pause hjå ordførar Hans Blattmann, gjekk borna med ljos i hendene og fin song til glede for alle som var på jobb. 

Jolestemninga i boks!

Lusekattar vart det også på alle, så om tilsette i Bykle rådhus ikkje heilt hadde kome i jolestemning før vitjinga, var i alle fall stemninga på plass etterpå!