Lokalt politiråd samla seg i Bykle

Det handla mykje om born og unge og tryggleik for folk flest då lokalt politiråd samla seg i Bykle nyleg.

Lokalt politiråd samla i Bykle nyleg. - Klikk for stort bileteLokalt politiråd samla i Bykle nyleg. Ole Birger Lien

Med på møtet var administrativt og politisk nivå frå både kommunane Bykle og Valle, politiet og representantar frå helse. Etter ei meir generell orientering om samarbeidsformer- og avtalar, vart det drøfting av ulike problemstillingar.

– Vil vere proaktive

Dag Hovden ved lensmannskontoret i Valle og Bykle var klar på at politiet ynskjer å vere ei proaktiv teneste.

– Me stiller på skuler og der me elles blir bedne om å kome. I fjor haust gjennomførte me både “Nettvett” og “Delbart” på mellomstega og i ungdomsskulane både i Bykle og Valle. Det handlar om å hjelpe til med å sette ungdomen i stand til å ta gode val, sa Hovden.

– Så er det vesentleg at også foreldra byggjer opp om dette. Det er det samla trykket som avgjer, sa Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.

– Det er viktig å involvere foreldra. I Bykle har til dømes FAU teke tak, skipa til foreldremøte og tenker heilskap, sa Hovden.

Det vart også vist til at under UKM på Hovden nyleg var det mobilforbod slik at ingen skulle kunne kome i ein situasjon der dei kjende seg “uthengde”.

A-krim

Også arbeidsmarknaden- og miljøet vart tema. Bykle er ein forsøkskommunen med såkalla A-krim.

– Næringslivet er positivt, seriøse aktørar ynskjer tilsyn velkomne. Kontroll kan hindre svart arbeid, sa Dag Hovden.

– I Bykle kommune held me på med plan for tilsyn, den vil me dele i rådet, sa plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Trafikktryggleik

Eitt tema som mange peika på at ein må ha med var trafikktryggleik. Valle kommune har blitt med i Nullvisjonen Agder - og i juni blir skulen i Valle med på eit opplegg der også skulen i Bykle er invitert.

– Så er det viktig med kontroll langs skulevegane. Ikkje for å ta folk, men som forebyggjing, sa Bykle-ordførar Hans Blattmann.

Både Bykle og Valle kommune skipar kvart år til påskemøte med hyttefolket. Under møtet i Bykle vart det streka under at til dei samankomstane er det også naturleg at politiet møter. 

Neste møte i lokalt politiråd er sett til 10. oktober. Då blir møtet skipa til i Valle.