Ljosregulering i Bykle-bakkane ut mai
Arbeidet med gang- og sykkelveg i Bykle-bakkane held fram. No blir det ljosregulering ut mai.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.04.2025 12:17
Sist endra 30.04.2025 12:17
Det blir ljosregulering i Bykle-bakkane frå no og ut mai.
Ole Birger Lien
I slutten av mai er det meininga at gang- og sykkelvegen skal vere ferdig.
– Det er bare på dagtid me set opp ljosregulering, elles går trafikken som normalt, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.