Livleg skidag for vaksenopplæringa i Bykle

Bykle frivilligsentral skipa nyleg til skidag for vaksenopplæringa i Bykle. Det vart ein aktiv dag med både ski og god mat.

Mange fekk med seg skidagen for vaksenopplæringa i Bykle. - Klikk for stort bileteMange fekk med seg skidagen for vaksenopplæringa i Bykle. Ollie Amadeus Kiland Rysstad

Oppslutninga om skidagen var høveleg ein vinterdestinasjon, det stod ikkje på innsatsen! Med frivilligsentralen som arrangør og Grete Breivik og Randi Steinsholt som skiinstruktørar gjekk det unna. Både før og etter lunch vart det tid til fine skiturar.

Norsk påskelunch

Då det var tid for lunch var det rotekte norsk påskelunch det handla om - grilla pylser med brød eller lompe, kaffi og te, kakao og sjølvsagt: sjokolade. 

– Elevane imponerte stort, så dette vart ein flott dag, seier lærar på vaksenopplæringa, Ollie Amadeus Kiland Rysstad.

Pylsene gjekk ned på høgkant. - Klikk for stort biletePylsene gjekk ned på høgkant. Ollie Amadeus Kiland Rysstad Skiglede! - Klikk for stort bileteSkiglede! Ollie Amadeus Kiland Rysstad