Lever inn pepperkakebygg til jolebygda innan 2. desember!

Det nærmar seg tida for å levere inn bidrag til det som skal bli pepperkakejolebygda i Hovden grendehus.

Her er det klart for det som skal bli pepperkakejolebygda på utstilling i Hovden grendehus. Ole Birger Lien

Bidrag må leverast inn seinast laurdag 2. desember, og gjerne litt før og for den som er tidleg ute med konstruksjonane.

- Bygdefolk, skular, barnehagar, hyttebyklarar, verksemder, lag og organisasjonar, her kan alle vere med, seier leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.

I fjor var resultatet ein svært så fantasifull og innhaldsrik pepperkakelandsby på utstilling i Hovden grendehus - bør ein ikkje prøve å toppe resultatet i år? Hugs, bare fantasien set grenser!