Legekontoret i Bykle driftar helseeininga i Bykle og Valle frå 8. april.

Legekontoret i Bykle driftar helseeininga i Bykle og Valle frå 8. april. Legekontora på Hovden og i Valle blir stengte. Årsaka er uventa redusert bemanning.

– Me arbeider no knallhardt med å finne gode løysingar. Bykle kommune har lyst ut ledig legevikariat, og eg har tru på at me snart skal ha alle kontora i vanleg drift att, seier kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva.

Legekontoret her på Hovden og dessutan det i Valle blir stengt frå 8. april og inntil vidare. - Klikk for stort bileteLegekontoret her på Hovden og dessutan det i Valle blir stengt frå 8. april og inntil vidare. Ole Birger Lien

Som fylgje av den mellombelse reduserte bemanninga må ein rekne med litt meir ventetid enn vanleg. Sjølv om legekontoret på Hovden er stengt etter 8. april kan ein likevel ringe dit - telefonnummeret er 37938680. 

Oppmøte i Bykle - uansett

Så er det slik at for dei med legetime frå og med 8. april, og som opphaveleg har time i Valle eller på Hovden, så er det uansett oppmøte ved legekontoret i Bykle. Har ein blitt forsøkt oppringt frå eitt av legekontora, men ikkje har kunna ta telefonen, ber helseeininga om at ein tar kontakt med det aktuelle legekontoret.

Opningstider i påska

Legekontora i kommunane Bykle og Valle har ope frå 08-15 måndag 25.- og tysdag 26. mars. Onsdag 27. mars er opningstida 08-12. Siste dag for levering av medisinar frå apotek er tysdag 26.03.

LEGEVAKT: 116117   NØDNUMMER: 113