Legekontora i Valle og på Hovden stengde visse dagar i februar
På grunn av personalmangel blir det samdrift ved legekontoret i Bykle for alle i kommunane Valle og Bykle somme dagar i februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.02.2024 09:49
Sist endra 08.02.2024 09:49
Legekontoret ved Bykle sjukeheim er einaste opne legekontor i Bykle og Valle to korte periodar i februar.
Ole Birger Lien
Samdrifta gjeld periodane 8.-9. februar og 14.-16. februar. Dei dagane er det altså ikkje ope ved legekontoret i Valle eller på Hovden. Telefonnummeret til legekontoret i Bykle er 37938670.