Ledige varig tilrettelagte arbeidsplassar i Bykle
Bur du i Bykle kommune og har uføretrygd? Det er tre varig tilrettelagte arbeidsplassar tilgjengeleg no som del av ei satsing mellom Bykle kommune via Brynje-prosjektet og Setpro AS.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.03.2025 12:55
Sist endra 05.03.2025 12:55

Det er snakk om oppgåver innan transport, attvinning, vaskeri og administrative oppgåver i ein trygg og tilrettelagt arbeidsdag med tett og god oppfylgjing.
Samarbeidsprosjekt
Stillingane i Bykle kommune er del av og samarbeid mellom kommunen og Setpro AS. Arbeidsstad er Bykle.
Vil du vere med på laget eller har spørsmål om stillingane? Ta kontakt på tlf 95283609 eller epost HIT
Bykle vaskeri er eit godt døme på ein stad med varig tilrettelagte arbeidsplassar i Bykle.
Ole Birger Lien