Kva meiner du om hyttebyggjing i Bykle kommune?

Kjære innbyggjar og hyttebuar/fritidsbebuar i Bykle kommune!

I store deler av landet er det no ein debatt om konsekvensane av hyttebyggjing og kor mange hytter som bør byggjast framover. Her er ei spørjeundersøking der du kan få fram dine synspunkt på saka. Kva meiner du om hyttebyggjing i Bykle kommune? Kva trur du er det beste utbyggjingstempoet dei neste åra?

Underlag for drøftingar

Resultata frå undersøkinga vil bli brukt som underlag til viktige strategiske drøftingar og kommuneplanleggjing framover. 

Det tar berre seks-sju minuttar å svare på undersøkinga. Du deltek ved å klikke deg inn via lenka under. Alle svar blir anonymisert.

HER finn du undersøkinga.