Mette Brottveit Gjerden i Bykle kommune vedgår at det blir rart når publikumsfunksjonen på rådhuset i Bykle blir teke over av chat-robotar frå 15. april.
Ole Birger Lien
Bakgrunnen for omlegginga er fleirdelt. For det første er tiltaket ei effektivisering.
– Me ser at tilsette brukar alt for mykje ressursar på kontakt med publikum. Det kan vere triveleg, men er ikkje rasjonell drift av organisasjonen. Ved overgang til KI reduserer me ressursbruken med minst 30%, seier kommunedirektør i Bykle kommune, Karina Sloth.
Ho strekar under at svartid og vidareformidling også vil betre seg etter omlegginga.
– Ein chat-robot vil aldri vere prega av stress eller dagsform, det vil alltid vere prompte svar ut. Situasjonar med irriterte eller utolmodige menneske i andre enden av tråden vil også bli eit ikkje-tema, KI lar seg ikkje stresse, peikar ho på.
Må registrere seg som brukar
På grunn av krav knytta til personvern må alle som skal kontakte Bykle kommune via den nye løysinga registrere seg som brukar.
– Dette kan opplevast som tungvint, men bakgrunnen er krav me ikkje slepp unna, seier kommunedirektøren.
Ho legg til at opningstidene for publikumskontakt blir døgeret rundt etter omlegginga, i og med at alt skal gå føre seg digitalt.
– Blir rart
Mette Brottveit Gjerden, arkivleiar i Bykle kommune, vedgår at det blir rart å ikkje skulle ha kontakt med publikum meir.
– Så blir det ein enklare kvardag der ein kan konsentrere seg om andre oppgåver og bruke tida effektivt. Eg ser fram til at løysinga blir innført, og er sikker på at etter ein overgangsperiode blir folk vande til dette, seier ho.
Vil du registrere deg slik at du kan ha kontakt med Bykle kommune også etter 15. april?
Her er skjema for brukarregistrering for informasjonstenester