Kunngjering av planvedtak – Lundane hyttefelt
Kommunestyret vedtok i møte 26.06.2025, 77/25, detaljreguleringsplan for Lundane hyttefelt, planID 201904. Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Vedtak i kommunestyret:
- I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 blir detaljregulering for Lundane /201904, med tilhøyrande reguleringsføresegner vedteken.
- Plankart og føresegner blir endra som følgjar jf. Agder fylkeskommunes merknad:
- På plankartet blir omsynssone H730_93993 endra til bestemmelsesområde #4.
- Tekst i føresegn § 7 bestemmelsesområde blir endra til: «# 1-4 Tiltak i samsvar med planen er tillaten. Det er ikkje stilt nokon vilkår knytt til dispensasjonen for kulturminne ID 94017, 97917, 93993 og 272729».
- Dei delar av detaljreguleringar for Hovden del 2 (PlanID 199701, vedteken 10.09.1997), Byrtemannsbekken (PlanID 201006, vedteken 30.05.2011) og Hovdeseter (PlaniD 200302, vedteken 08.12.2003), inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, som ny detaljregulering for Lundane/201904 får konsekvensar for, blir oppheva.
Det vedtekne plankartet, føresegner, planbeskriving og andre sentrale dokument i saka er lagde ut i informasjonen på Bykle rådhus, Sarvsvegen 14. Sjå òg heimesida:
Eventuelle klagar
I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Setesdølen 03.07.2025. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 22.08.2025.
HER ER LENKE TIL PLANDOKUMENTA
Publisert 03.07.2025 10:47
Sist endra 03.07.2025 10:47