Kulturskulane i Unesco-kommunane i samarbeid om folkemusikk

Kulturskulane i Bykle, Valle og Bygland samarbeider no om eit tilbod innan folkemusikk. Samarbeidet er ei vidaresatsing på Unesco Setesdal og den immaterielle kulturarven og no nærmar søknadsfrist 15. mai seg!

Folkemusikkundervisning 2024

Det interkommunale folkemusikktilbodet inkluderer munnharpe, hardingfele, kveding og leikarring i kulturskulen. 

– Nye elevar får sjansen til å prøve ut ulike instrument, og det blir mykje samspel. Det kan også bli aktuelt med gruppeundervisning viss fleire nybyrjarar søkjer på same instrument, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Også frå andre kommunar

Tilbodet om plassar som del av satsinga gjeld i første omgang elevar frå Bygland, Valle og Bykle. Viss det er kapasitet til det, kan også elevar frå Evje og Hornnes kommune få plass. 

– Dei som har spørsmål må kontakte sin lokale kulturskule, seier Torunn Charlotte Nyberg.

Søknadsfristen for skuleåret 2024/2025 er altså 15. mai.