Kulturpris-forslag med siste frist fredag 15. mars!

Har du forslag til kandidatar til Bykle kommune sin kulturpris? Då er det bare tida og vegen, fristen er fredag 15. mars.

Bykle kommune vil ha kandidatar til kulturprisen. - Klikk for stort bileteBykle kommune vil ha kandidatar til kulturprisen.

Prisen må ikkje men kan delast ut kvart år, og både einskildpersonar eller organisasjonar og lag kan vere aktuelle som kandidatar. Einaste kravet er at kandidatane har tilknytning til Bykle kommune.

Formannskapet avgjer

Det er formannskapet i Bykle kommune som til slutt avgjer kven som eventuelt får årets kulturpris. Forslag kan sendast på e-post HIT,  og alle forslag må grunngjevast. Viss det blir ein kulturprismottakar i år, blir prisen delt ut 17. mai.