Kulturkafé i Bykle onsdag om den geopolitiske situasjonen i verda

Onsdag 26. mars skal det handle om storpolitikk i Bykle samfunnshus klokka 17.30. Då kjem dosent i engelsk, britiske, amerikanske studiar og didaktikk, Erik Mustad frå Universitetet i Agder, for å greie ut om “Anglo-amerikansk politikk i randsona”.

Erik Mustad kjem til Bykle og kulturkafé onsdag 26. mars. - Klikk for stort bileteErik Mustad kjem til Bykle og kulturkafé onsdag 26. mars. Universitetet i Agder

Geopolitikk er læra om korleis politikk, særleg maktpolitikk, er påverka av geografiske forhold. Dette kan referere både til ein forskingstradisjon og til ein politisk teori. Det er fem år sidan Brexit og fire år sidan Storbritannia gjekk ut av den europeiske unionen med ein etter mange sitt syn dårleg avtale for britane. 

Daglege endringar

I USA skjer det daglege endringar under Trump 2.0. Korleis vil endringane i dei to allierte landa påverke den geopolitiske situasjonen i verdsordenen? Og kva med internt i dei to landa? Dette og mangt anna spennande skal Mustad ta for seg.