Kondolanseprotokollen for Jon Rolf Næss er tilgjengeleg i Bykle rådhus heile denne veka

Det har gjort eit sers sterkt inntrykk på ei bygd, ein kommune, ein dal og ein heil landsdel at tidlegare Bykle-ordførar Jon Rolf Næss gjekk bort nyleg, så alt for tidleg. Kondolanseprotokollen er no plassert i resepsjonen i Bykle rådhus - der kan den som vil det inn og skrive ei helsing heile denne veka.

Kondolanseprotokollen blir liggande i Bykle rådhus heile denne veka. Hans Blattmann

Ei fullsett Bykle kyrkje tok farvel med Jon Rolf sist fredag. Kondolanseprotokollen hadde lege i Hovden grendehus heile den veka - no blir den altså tilgjengeleg i Bykle rådhus i opningstida frå i dag og fram til og med fredag 22. august.