Kondolanseprotokoll i Hovden grendehus heile neste veke
Det vart lagt ut kondolanseprotokoll då Bykle kommune skipa til open kyrkje på Hovden tysdag 5. august i samband med bortgangen til tidlegare ordførar Jon Rolf Næss, No ligg protokollen i Hovden grendehus - der blir den liggande fram til gravferda fredag 15. august.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.08.2025 13:27
Sist endra 18.08.2025 10:40
Kondolanseprotokollen blir liggande i Hovden grendehus heilt fram til og med fredag 15. august.
Hans Blattmann
Det betyr at i morgon og heile neste veke kan den som vil det innom grendehuset i opningstida og skrive inn ei helsing eller dele eit minne.
Gravferda blir i Bykle kyrkje fredag 15. august klokka 13.