Kompisane i Bykle-barnehagane lærte førstehjelp!

Førstehjelp er viktig for alle å kunne litt om. Det har barnehagane i Bykle kommune teke konsekvensen av.

Anja Marie Holmeide lærte kompinsane i Bykle-barnehagane førstehjelp. - Klikk for stort bileteAnja Marie Holmeide lærte kompisane i Bykle-barnehagane førstehjelp. Bykle kommune

Nyleg var Anja Marie Holmeide på plass for å lære dei små førstehjelp - og det vart både morosamt, spennande og lærerikt. Så skal ein heller ikkje undervurdere kva dei yngste blant oss er i stand til - viss dei bare får opplæringa! I somme situasjonar veit ein at førstehjelp er avgjerande - no er i alle fall borna litt meir budde enn før kurset!

Stabilt sideleie kan vere avgjerande. - Klikk for stort bileteStabilt sideleie kan vere avgjerande. Bykle kommune