Kommunestyremøte i Bykle tysdag 15. oktober klokka 17

Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen tysdag 15. oktober. Før dei går i gang med sakslista blir det ei orientering frå Hovden skigymnas.

Det er kommunestyremøte i Bykle tysdag 15. oktober. Her frå sist møte. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Bykle tysdag 15. oktober. Her frå sist møte. Eivind Ilje Tveit

Etter orientering frå ordførar og kommunedirektør skal ein gå gjennom økonomirapport per august 2024. Det blir ei orientering om hovudplan VA 2025, og dei folkevalde skal etter planen fatte eit endeleg vedtak knytta til kommuneplanen sin samfunnsdel. Også kommuneplan 2025-2035 arealdel, oppstart og planprogram, står på agendaen tysdagskvelden.

Om vidaregåande skular

På sakslista elles står mellom anna høyringsinnspel - fireårig tilbodsstruktur for vidaregåande skular i Agder og utgreiing av inntaksmodellar til vidaregåande opplæring. Dei folkevalde skal sjå på ny arkiv- og museumsstruktur i Agder, og Hovden skigymnas - bruk av park i Hovden alpinsenter til trening og tevlingar. Det skal veljast ungdomsråd, og ein søknad om støtte til etablering av Bykletunet kjem på bordet.

Møtet blir overført på Valle radio, og streama. Valle radio si ordinære sending tysdag kveld blir flytta to dagar, altså til torsdag 17. oktober.

HER kan du fylgje møtet via streaming.