Kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. oktober
Dei folkevalde i Bykle samlar seg til kommunestyremøte i rådhuset torsdag 30. oktober klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.10.2025 09:09
Sist endra 24.10.2025 09:09
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. oktober klokka 17.Før handsaming av dei politiske sakene blir det orienteringar om Hovden Fjellbad ved Styreleiar BHV Arve Andersson og Torvald Gautland, om Setesdalsmuseet ved dagleg leiar Hind Helene Harira og om Landskappleiken Hovden 2026.
Frå villrein til aktivitetskort
På sakslista finn ein alt frå høyringsuttale tiltakspakke villrein til aktivitetskort for born, sal av konsesjonskraft, vurdering av felles fartsgrense på Hovden og heilskapeleg plan for oppvekst 2026-2036.
Møtet blir som alltid streama - HER ER LENKE TIL OVERFØRINGA
HER FINN DU INNKALLING OG SAKSLISTE