Kommunestyremøte i Bykle torsdag 29. februar

Torsdag 29. februar klokka 17 er det kommunestyremøte i Bykle med alt frå ekstraordinær bandtvang til finansrapport på agendaen.

Dei folkevalde i kommunestyret samlar seg torsdag 29. februar. - Klikk for stort bileteDei folkevalde i kommunestyret samlar seg torsdag 29. februar.

Under møtet skal dei folkevalde mellom anna velje ein representant til det såkalla kulturrådet, ein del av arbeidet med Unesco i kommunane Bykle, Valle og Bygland. Matjord og arealplanlegging står på programmet når plansjef Signe Sollien Haugå orienterer. I tillegg skal dei folkevalde drøfte den ekstraordinære bandtvangen kommunen nyleg innførte.

Om flyktningar

IMDI har oppmoda Bykle kommune om å busette ytterlegare 30 flyktningar i 2024. Dette må kommunestyret ta stilling til. I tillegg skal kommunedirektør Karina Sloth gå gjennom årsmelding frå kontrollutvalet.

Møtet blir som alltid streama. HER kan du klikke deg inn. På grunn av problemer med internettkoblinga så kan det ta litt tid ut i møtet før sendinga kjem ut på nett og FM. Det arbeidast med det.