Kommunestyremøte i Bykle torsdag 20. juni

Kommunestyret i Bykle samlar seg til kommunestyremøte på Hovdestøylen torsdag 20. juni.

Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 20. juni, men ikkje her i rådhuset men på Hovdestøylen. Møtet tar til klokka 16. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Bykle torsdag 20. juni, men ikkje her i rådhuset men på Hovdestøylen. Møtet tar til klokka 16. Ole Birger Lien

Møtet tar til klokka 16. Då har det alt vore ein lang dag med mellom anna synfaring i ridehallen på Hovden og politikaropplæring med statsforvaltaren. Så klokka 15 skal den nye rundkøyringa på Hovden opnast! Det blir ei feststund for store og små!

Om reglement

I sjølve kommunestyremøtet skal dei folkevalde mellom anna gå gjennom reglement for alt frå sakshandsaming i folkevalde organ til valutval og valstyre. Budsjettrevisjon 3 i 2024 står på sakslista, priser om kommunale tenester i pleie- og omsorg og økonomirapport per april 2024 er også med.

Valle radio streamer som alltid kommunestyremøtet.

HER er lenke til streaminga.