Kommunestyremøte i Bykle torsdag 19. juni
Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen i Bykle rådhus torsdag 19. juni klokka 13. Før møtet er det budsjettkonferanse og opning av gang- og sykkelveg i bakkane sør for Bykle sentrum.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.06.2025 12:02
Sist endra 17.06.2025 12:02
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 19. mai. Her frå ekstramøtet i mai.
Ole Birger Lien
Det blir også orienteringar før handsaming av politiske saker. Olav Mandt og Roar Hjelmeset skal orientere om ski-NM, medan Dronninga landskap AS skal orientere om nye Bykle sentrum.
Skal evaluere levekårsutvalet
Blant politiske saker kan ein nemne evaluering av levekårsutvalet, innspel til kommuneplanen, første vurdering, slutthandsaming av områderegulering for Hegni, detaljregulering av Lundane hyttefelt og samarbeidsavtale med Norges miljø- og biovitskaplege universitet.
Møtet blir streama -
HER ER LENKE TIL OVERFØRINGA