Kommunestyremøte i Bykle torsdag 18. september
Dei folkevalde i Bykle kommune samlar seg til møte i rådhuset torsdag 18. september klokka 16.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.09.2025 13:36
Sist endra 15.09.2025 13:36
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 18. september. Her frå møtet i august.
Ole Birger Lien
Før sjølve møtet tar til er det ei rekke orienteringar. Frå Otra kraft DA kjem dagleg leiar Grunde Johnsen, medan kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, skal greie ut om interkommunal Unesco-satsing i oppvekst. Vidar Mortensen i Bykle kommune orienterer om Brynje-prosjektet.
Val av ungomsråd
På sakslista finn ein mellom anna val av ungdomsråd, ei sak om veterinærvakt Setesdal og gjennomføringsavtale mellom Statens vegvesen og Bykle kommune - Geiskelid-Badstogdalen.
Møtet blir videooverført - HER ER LENKE TIL OVERFØRINGA
HER ER LENKE TIL SAKSLISTA