Kommunestyremøte i Bykle i kveld torsdag 30. oktober

Dei folkevalde i Bykle samlar seg til kommunestyremøte i rådhuset i kveld torsdag 30. oktober frå klokka 17.


 

Det er kommunestyremøte i Bykle i kveld torsdag 30. oktober frå klokka 17. Klokka 16 blir budsjettet presentert. Ole Birger Lien

Før sjølve møtet blir det presentasjon av budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 klokka 16. 

Presentasjonen blir streama - HER 

Før handsaming av dei politiske sakene blir det orienteringar om Hovden Fjellbad ved Styreleiar BHV Arve Andersson og Torvald Gautland, om Setesdalsmuseet ved dagleg leiar Hind Helene Harira og om Landskappleiken Hovden 2026.

Frå villrein til aktivitetskort

På sakslista finn ein alt frå høyringsuttale tiltakspakke villrein til aktivitetskort for born, sal av konsesjonskraft, vurdering av felles fartsgrense på Hovden og heilskapeleg plan for oppvekst 2026-2036.

Møtet blir som alltid streama - HER ER LENKE TIL OVERFØRINGA

HER FINN DU INNKALLINGA