Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, er klar med framlegg til budsjett og økonomiplan.
Ole Birger Lien
Kommunedirektøren har no lagt fram framlegg til handlingsprogram, årsbudsjett for 2026 og økonomiplan for perioden 2026–2029.
– Dokumentet gjev eit samla bilete av den økonomiske situasjonen i Bykle kommune og framlegg til prioriteringar dei komande åra, seier Sloth.
Ho minner om at budsjettet som skal vedtakast blir bindande for neste år, medan økonomiplanen elles legg rammene for vidare utvikling og planlegging.
Må vere godt førebudde
I sitt forord til budsjett og økonomiplan strekar kommunedirektøren under behovet for å vere godt førebudd i urolege tider.
– Kommunedirektøren har i dag lagt fram framlegg til handlingsprogram, årsbudsjett for 2026 og økonomiplan for perioden 2026–2029.
– Samarbeidet mellom nasjonar har vorte meir krevjande, og konstellasjonar vi tidlegare har festa lit til, har vorte sett på prøve. Krigane i Ukraina og Gaza har ramma lokalbefolkninga hardt, og i aukande grad ser vi urovekkjande handlingar også utanfor konfliktsonene. Sabotasje mot kritisk infrastruktur og digital trugsel er ein realitet, som rykkar oss stadig nærare, slår ho fast.
Utvikling i båe bygdene
I budsjettet for 2025 vedtok kommunestyret separate budsjettrammer for utviklingstiltak i Bykle og på Hovden.
– Innafor desse rammene er det sett i gang ei rekkje små og store prosjekt, og administrasjonen har arbeidd jamnt og trutt for å realisere dei. Dette arbeidet held fram i 2026, med same kraft, engasjement og retning, seier kommunedirektøren, som strekar under at målet alltid må vere vidare utvikling samstundes som ein sikrar det gode tenestetilbodet.
– Me må alltid jobbe for å bli betre. Arbeidet med å heve kvaliteten i alle delar av organisasjonen har høg prioritet. Eit godt system for internkontroll er ein viktig reiskap i dette arbeidet. I 2025 har kommunen hatt fleire tilsyn. Tilsynsrapportane har gjeve verdifull innsikt og peikar på både styrkar og forbetringsområde. Denne kunnskapen skal vi bruke til å løfte kvaliteten vidare i 2026, seier Sloth.
Inkludering
Arbeidsliv og inkludering er høgt prioritert i Bykle kommune.
– Eit aktivt arbeidsliv er viktig både for den enkelte og for lokalsamfunnet. Det bidreg til økonomisk sjølvstende, styrkjer fellesskapet og er ein viktig nøkkel til trivsel, inkludering og lokal utvikling. Gjennom Brynjeprosjektet blir det utvikla og testa praktiske løysingar i lag med næringsliv og frivillig sektor, slik at fleire kjem i ordinært arbeid, får relevant opplæring og blir ein aktiv del av lokalsamfunnet. Budsjettet for 2026 byggjer vidare på solide prioriteringar og ansvarleg økonomistyring. Vi skal halde fram med å vere ein trygg og framtidsretta kommune, der tenestene til innbyggjarane vert levert med kvalitet, respekt og effektiv ressursbruk. Slik legg vi grunnlaget for eit levande og berekraftig Bykle for både dagens og morgondagens generasjonar, seier kommunedirektør Karina Sloth.
Her er kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan (PDF, 6 MB)