Kommunal jolehjelp til fastbuande med låg inntekt i Bykle

Under formannskapsmøtet i Bykle onsdag kveld gjekk dei folkevalde inn for å gje ei hjelpande økonomisk hand til fastbuande med låg inntekt. Einslege eller par med under 4G i inntekt kan få 2000 kr. ekstra å rutte med i jolehandelen.

Bykle kommune gjev ekstra jolehjelp til dei med låg inntekt. - Klikk for stort bileteBykle kommune gjev ekstra jolehjelp til dei med låg inntekt. Ole Birger Lien

Barnefamiliar som har under 6G i inntekt får 4000 kr. i jolehjelp. Frå og med barn nummer tre får ein 1000 kr. ekstra per barn på toppen av dette. Bykle kommune set av inntil 400.000 kr. til ordninga.

Må søkje før nyttår

Dei som vil søkje på støtteordninga må leggje ved dokumentasjon på inntekt og sitt eige kontonummer.  Ein må også skrive om ein er einsleg, par eller barnefamilie. For par og familiar er det eit krav at dokumentasjon på samla inntekt for hushaldninga blir lagt ved.   

Søknadsfristen er 31.12.23

HER kan ein søkje om jolehjelp

NB: Jolehjelpa gjeld ikkje studentar rundt om som høyrer til i Bykle kommune. Dei har eigne støtteordningar gjennom kommunalt stipend.