Tetiana Prokopenko (t.v.) og Oleksandra Tebenkova satsar i Bykle!
Brynje-prosjektet
Tetiana er utdanna frisør, og Oleksandra driv med sytenester. Dei satsar no altså på å drive for seg sjølv.
– Me er takksame for hjelpa me har fått frå Bykle kommune, der både næringsavdelinga, flyktningetenesta og Brynjeprosjektet har hjelpt oss, seier Oleksandra, som altså satsar på sying.
Ho har vore syerske i mange år, og merkar alt pågang.
– Fleire vil ta vare på tøy i staden for bare å bruke og kaste, slår ho fast.
På Bykle bygdeheim
Tetiana har over 20 års fartstid med eigen frisørsalong heime i Ukraina. Frå no av blir Bykle bygdeheim basen hennar.
– Eg kan også kome heim til folk og klyppe, for meg er det viktig å vere tilgjengeleg. Kundane er viktigast, slår ho fast.
No i starten er ei melding på mobiltelefon den greiaste måten å få tak i gründarane på. Oleksandra når du på tlf 46570183, medan Tetiana har tlf 48649640