"Kolonistane" i Bakken kafé og kultursenter fredag 14. november
Forfattaren Fartein Horgar kjem til Bakken kafé og kulturscene på Hovden fredag 14. november klokka 18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.11.2025 09:40
Sist endra 13.11.2025 09:40

Fartein Horgar (f. 1955) vaks opp som tredjegenerasjons misjonærbarn på Madagaskar då øya framleis var ein fransk koloni. Han debuterte som forfattar i 1980 med diktsamlinga «Nattedikt og morgehud», og har sidan den gongen gitt ut ei rekkje bøker. Horgar har mellom anna skriva «Vestindiakvintetten», og no er han aktuell med boka «kolonistana - forteljinga om eit erobringstokt, bygd på verkelege hendingar», og i det høvet har Valle bibliotek gledd av å ønskja han hjarteleg velkommen til forfattarbesøk.
Sann historie
Romanen «Kolonistane» er løyseleg basert på verkelege hendingar: I 1879 segla ei skute frå Bergen med kurs for ei øy «ingen eigde», i Indiahavet. Om bord var eit førtitals misjonærar og eventyrarar. Dei innfødde skulle få Det glade evangeliet, bergensarane skulle bli kolonimakt heilt på eiga hand. Ved framkomst viste øya seg å vera aude. Denne ekspedisjonen har i seg all den hybris som pregar både imperialisme og misjon. Forteljinga om den er forteljinga om ein utopi som startar som komedie og sluttek som tragedie. Romanen viser ideane som kolonialismen er fundert på. Ikkje minst viser «Kolonistane» dei absurde, ofte komiske resultata av å forfølgja idear til sin ytste konsekvens.