Knallande dag for friluftsliv-elevar i Bykle!
Det vart smell og knall då elevar i Bykle skule med friluftsliv som valfag fekk prøve seg med pistolskyting på skytebanen i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.01.2025 09:43
Sist endra 24.01.2025 09:43
I full sving med instruktøren passande på.Med Kliff Erik Hoslemo i Hovden Pistolklubb som instruktør fekk elevane etter ein solid gjennomgang av alt som har med tryggleik å gjere, øve seg skikkeleg i grunnleggjande skyteteknikk. Først då instruktøren sa at dei var klare, fekk dei smelle laus.
Avslutta med tevling
Bykle-elevane fekk skyte mykje i løpet av samlinga, og dei avslutta øykta med ei tevling der vinnaren fekk med seg ein pizza frå YK Bykle eller Pizzabakeren på Hovden.
– Veldig vellukka, elevane var mota på fleire samlingar som dette. Det skal me få til, Kliff lova å kome tilbake seinare i vinter, seier rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule, Lars Erik Domaas.
Elevane med friluftsliv som valfag fekk ein dag med pistolskyting. På kne frå venstre: Thor Martin Askedal, Johan Sund Wintermark og Kevin Rodi Ektiren. Bak frå venstre: Jonas Trollås Egeland, Tord H. Bjønnes, Thomas A. Matysik, Sigurd T. Haugen, Kliff Erik Hoslemo, Casper S. Thorstensen og Aaron M. Blom Pettersen.