Klesbussen kjem til Bykle sjukeheim onsdag 13. desember

Treng garderoben ei oppgradering? Då kan Bykle sjukeheim vere staden å vere onsdag 13. desember klokka 11.

Det er klessal på Bykle sjukeheim onsdag 13. desember. - Klikk for stort bileteDet er klessal på Bykle sjukeheim onsdag 13. desember. Ole Birger Lien

Då kjem nemleg Norges senior shop med bussen full av nye innslag! Bukser og gensarar, skjørt og bluser, undertøy og det meste ein elles kan tenke seg - her er det bare å gnu på! Salet er både for bebuarar på sjukeheimen men også for andre som kjem innom på leit etter noko nytt til joleantrekket!