Klart for opning av rundkøyringa på Hovden torsdag 20. juni

Torsdag 20. juni klokka 15 er det klart for høgtideleg opning av den nye rundkøyringa på Hovden. Anlegget er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Agder fylkeskommune og Bykle kommune.

Rundkøyringa på Hovden opnar torsdag 20. juni. - Klikk for stort bileteRundkøyringa på Hovden opnar torsdag 20. juni. Signe Sollien Haugå

Som del av opninga blir det gjennomført eit lite program med både helsingar og ikkje minst snorklypping. Den tar Kjetil Uleberg seg av. Så blir det også avduking av utsmykkinga - noko mange ser fram til.

– Så vankar det kaffi og kake på alle som møter opp, lovar plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.