Kjemperespons på Bykle kommune sin påskequiz

Godt over 100 menneske deltok på Bykle kommune sin påskequiz. Snart skal det trekkast ein vinnar.

Kvar av dei fire raude dagane i påska frå skjærtorsdag til og med 1. påskedag vart det lagt ut ein ny runde i quizen. Kvar runde skal resultere i eit ord, og dei fire orda blir ei løysingssetning. 

Svarfrist 5. april

Til no har altså over 100 personar teke seg tid til å delta på quizen - og no er det bare tida og vegen for etternølarane! Fristen for å levere inn svar er fredag 5. april.

HER kan svaret sendast.