Kartleggjing av elgbeite i Bykle kommune

I dag tar det til ny runde med elgbeitetaksering i Bykle kommune, eit prosjekt som er eit samarbeid mellom kommunen og Agder fylkeskommune.

Pixabay

Det er fem lokalitetar som er plukka ut, dei same som tidlegare år: Hartevatn, Berdalen, Stavenes, Mosdøl og Bjørnarå. Målet med takseringa er å få oversikt over elgen sin beitetilgang og beiteutnytting. Data frå dei viktigaste beiteplantene som inngår i elgens vinterbeite blir registrert, som eit supplement til bruk i den lokale elgforvaltninga.

Kan måtte låne nøklar til vegbommar

Det er Espen Åsan frå Faun naturforvaltning som no legg i veg rundt om på dei fem lokalitetane. For somme område kan det vere aktuelt å kontakte grunneigarar for å få lånt bomnøklar.