Kan behalde dagpengar medan ein etablerer eiga verksemd

Er ein arbeidsledig eller permittert og får dagpengar, kan ein søke om å behalde dagpengane medan ein planlegg og etablerer eiga verksemd i inntil 12 månader.

Viss ein mottek arbeidsavklaringspengar kan ein søke om å få behalde midlane i ein utviklingsfase på inntil seks månader. Ein kan også søke om å behalde inntektene i ein oppstartsfase på inntil tre månader. Så er det eit viktig poeng: ein må søke om ordningane før verksemda startar opp.

Må vere ny verksemd

Mellom krava for å få tilgang på støtta er at det er snakk om etablering av ei ny verksemd, og satsinga må kunne gje inntekter å leve av. Er det eit AS må den som søker eige meir enn 50%, aleine eller saman med andre som også får dagpengar. Ein kan ikkje sjølv vere ansvarleg for at ein har mista jobben sin dei siste seks månadene.

Hjelp av Driv Agder

For å få godkjent etableringa hjå NAV må det ligge føre ein næringsfagleg vurdering. Den kan ein få hjelp til av Driv Agder. HER kan ein tinge time med gratis rådgjevar i Driv Agder.

Driv Agder driv også kursing og rådgjeving for alle gründarar i regionen. HER kan ein lese meir.