Jon Rolf Næss til minne

Jon Rolf Næss, vår tidlegare ordførar, gjekk bort brått og uventa i går, måndag 4. august.

Signe Sollien Haugå

Jon Rolf kom til Hovden i 1987. Han vart raskt ei sterk og synleg kraft i lokalsamfunnet med sitt engasjement og sitt gode humør. Han var både familiefar og ei drivkraft i idrettslag og aktivitetar for små og store. Jon Rolf var ein av dei aller første som vart tilsett på Hovden skigymnas. Der var han avdelingsleiar, lærar og rådgjevar, og han skulle kome til å bli ein flott ambassadør og støttespelar for skulen i alle år.

Etter kvart kanaliserte han samfunnsengasjementet sitt inn mot den politiske arenaen. Midt på 1990-talet vart han aktiv i Arbeiderpartiet. Han kom først inn som vararepresentant til kommunestyret, og som leiar av eit hovudutval. Jon Rolf var ordførar frå 2011 til 2022. Då vart han leiar av Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK). I han si ordførartid var det store og krevjande hendingar som skogbrannen i 2018, og ikkje minst under pandemien, der han til fulle var talsperson og stod i det på vegne av kommunen.

Medan han var ordførar fekk han og stadig fleire tunge verv og oppgåver, som leiar av Aust-Agder arbeidarparti, sentralstyremedlem i Arbeiderpartiet, verv i kommunane sin interesseorganisasjon i Agder (KS) og leiar i Konsesjonskraft IKS (KIKS).

Etter kvart vart det så mykje at han måtte få varaordførar i deltidsstilling til å ta hand om «innanriksoppdraget» medan han dreiv «utenrikspolitikken».

Jon Rolf var talsperson og målbar regionalt og nasjonalt saker som var og er viktige for kraftkommunar, fjellkommunar og hyttekommunar som Bykle. Både som ordførar og styreleiar i Setesdal regionråd var han oppteken av å byggje fellesskap og binde saman kyst og fjell, by og land. Arbeidet med riksveg 9 og opning av nye parsellar var merkedagar han gleda seg stort over.

Jon Rolf hadde hjarta for små og store, og var oppteken av lokalsamfunnet og alt som skapte liv og røre. Han var lite sjølvhøgtideleg, og gleda seg kvart år til Hovden-revyen for å sjå om han var karikert – og det vart han, om att og om att! Han var eit JA-menneske til alt som var av dugnad og idrettsarrangement. Han var også leiar av Hovden Sportsklubb og Agder idrettskrets i fleire år. Fekk han i tillegg ein mikrofon og kunne vere speaker, var han i sitt ess! Det siste oppdraget var pauseinnslag under NM på Hovden på TV2, der han var rundt i fri dressur.

Jon Rolf var ein gledesspredar som prata like godt og mykje same kven han møtte på sin veg. Etter kvart vart og mange hytte-byklarar ein del av venekrinsen hans. Han var venekjær og venerik, og mange i nettverket kjenner no på ei stor sorg etter den uventa bortgangen.

Jon Rolf etterlet seg eit ettermæle som den fremste og mest joviale omdømebyggjaren Bykle nokon sinne har hatt!

Han levde med muntre historiar, tok aldri seg sjølv høgtideleg, og han hadde eit brennande samfunnsengasjement me takkar for i dag. Jon Rolf var seg sjølv i eitt og alt!

Fred over minnet

Hans Blattmann                                                  Karina Sloth

Ordførar                                                                   Kommunedirektør