Jolehelsing frå ordføraren

Bykle-ordfø Hans Blattmann ynskjer alle god jol. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann ynskjer alle god jol. Ole Birger Lien

Det er like før jol, og no er det innspurt med alt som skal på plass før høgtida tar til. 

For oss i Noreg er jola ei tid der familien samlast til god mat, sosial hygge og dei gode tradisjonane. For dei fleste av oss er jola ei tid ein ser fram til og gler seg over, men for somme er det diverre ei tid ein gruer seg til. Mange er aleine, får ikkje familie eller vener til seg i høgtida, og då kan det vere tungt. 

Verda har vore prega av konfliktar det siste året - ikkje minst med krigen i Ukraina og alt som skjer i Midtausten. I båe tilfella, som elles i krig, er det dei svakaste som blir råka hardast. Det skal ikkje så mange nyheitssendingar til før ein ser kor heldig ein er viss ein bur i trygge Noreg. Bykle kommune har teke imot meir enn 50 flyktningar frå Ukraina. Eg håpar at tida dei får hos oss kan gje dei litt håp og tru på framtida og ein betre kvardag. 

Når jola blir ringa inn har eg vore ordførar i kring tre månader. Eit hovudmål for meg då eg sette i gang, var å sjå framover, få folk til å arbeide saman og utvikle kommunen vidare. Etter ein noko spent start tykkjer eg me alt har oppnådd å få eit politisk ordskifte prega av gjensidig respekt og saklegheit. Eg tykkjer dei ulike partia gjer ein strålande jobb, og det kjem mange gode idear og innspel i debattane. Eg ynskjer også å peike på kommuneadministrasjonen og jobben dei gjer. Vi har ein flott stab med solid røynsle og høg kompetanse, noko som er heilt avgjerande for oss folkevalde viss me skal fatte gode vedtak. Til slutt vil eg trekke fram ungdomsrådet, som alt har kome med fleire gode innspel til kommunestyret, innspel dei har fått støtte på! Ungdomen er framtida vår, og med det engasjementet dei viser ser eg veldig optimistisk på framtida. 

Med desse orda ynskjer eg fastbuande, hyttebyklarar og tilreisande elles ei rektig god jol og eit godt nytt år.

Hans Blattmann