Innhaldsrikt program for Bykledagen 2025

Det blir mykje spennande for store og små på Bykledagen 6. september!

Bykledagen

Dagen tar til klokka 10 med buldrande vassmengder i Sarvsdammen. Otra kraft DA byr på grillpylser og drikke, og det er samstundes ooen brannstasjon. Kanskje kjem Bjørnis?

Folkemusikk og marknad

Frå klokka 12 er det full rulle i Lislestog med folkemusikk, handelsboder, kafé i regi av Bykle Husflidslag, det blir visning av brurestakk, skattejakt, historieforteljing og utstilling.

Songbird

Klokka 15 er det gratiskonsert med Songbird i Bykle kyrkje. Det er parkering ved Bykle industriområde for dei som vil ned til Sarvsdammen, og ved Bykle kyrkje for besøk i Lislestog. Bykle Næringslag i samarbeid med kommunen og andre aktørar har sydd saman eit program der det bør vere mykje av interesse for store og små. Så er det å håpe på fint ver, så Bykledagen blir akkurat den bygdefesten alle håpar på!