Innhaldsrikt påskemøte på Hovden

Det skulle kome til å handle om alt frå skiløyper til villrein og NM på ski i 2025 då Bykle kommune skipa til påskemøte med hytteforeiningane på Hovden onsdag før skjærtorsdag.

Hans Blattmann (t.v.) var ordstyrar på påskemøtet. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) var ordstyrar på påskemøtet. Signe Sollien Haugå

Ordstyrar i Hovden grendehus var ordførar Hans Blattmann. Han orienterte om naudsynte løypeendringar, og kom i tillegg inn på kvifor forholda for villreinen førte til at kommunen innførte ekstraordinær bandtvang og omleggjing av Hovden Tour-løypa. I salen kom det fleire positive tilbakemeldingar knytta til nye og ulike trasear.

– Så må NM på ski på Hovden neste år bli ein folkefest! Me treng mange frivillige, slo ordføraren fast.

Til NM trengst det også mykje overnattingsplassar, mange med hytter kan leige ut då.

Beredskap

Både frå politi og helse kom det orienteringar om beredskap i høgtida. Politikontakt Dag Hovden og kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva, presenterte solide planar for gjennomføringa. Frå kyrkja kom Else Gyro Rysstad for å orientere om arrangement i påska. Dagleg leiar i Hovden løypekøyring, Torvald Gautland, orienterte om sesongen. Utfordringar, omleggjing og kvalitet på løypene var tema. Mange kytte av innsatsen som blir lagt ned. Unn Hovden i Destinasjon Hovden orienterte også om arrangement, og frå kommunen kom teknisk leiar Eirik Birkeland for å ta for seg infrastrukturtiltak og investeringar som er i vente. Plansjef Signe Sollien Haugå gav ei oppdatering på reguleringsarbeid med fokus på nye viktige skibruer, kulvertar, sentrumsutvikling og ladestasjonar. Også turvegar og samanbinding og nytt fokus på sykkelløype 3 var tema.

Ressursgruppa med

Ressursgruppa er ei overbygging for kring 50 hytteforeiningar i Bykle kommune. Med Jon Helle som talsperson tok dei til orde for å bli meir nytta som ressurs i utviklingsarbeid i kommunal regi. Han meinte det var rom for forbetring av samarbeidet, og meinte at ein formell samarbeidsavtale kunne vere vegen å gå. Frå møtelyden kom også ei oppmoding til alle foreiningane om å minne medlemmer om å betale den frivillige løypeavgifta. Bykle kommune fekk kyt for mange gode tiltak som er under planleggjing, og det vart peika på at hyttefolket ser det er vilje til realisering i det kommunen arbeider med. Eit godt møte med engasjement og deltaking både frå hyttefolket og dei andre aktørane!

Aktørar under påskemøtet. Frå venstre: Unn Hovden, Hans Blattmann, Eirik Birkeland, Torvald Gautland, Merethe Hjemdahl og Signe Sollien Haugå. - Klikk for stort bileteAktørar under påskemøtet. Frå venstre: Unn Hovden, Hans Blattmann, Eirik Birkeland, Torvald Gautland, Merethe Hjemdahl og Signe Sollien Haugå. Bykle kommune